torsdag 11. juli 2013

Fosse bru - picknik på skulevegen

Den gamle Fossebrua ligg no gøymt og overgrodd på ein liten vegstubb som ein ikkje kan seia er ein veg om ein ikkje berre veit det. Så bortgøymt er ho at om ein skal besøkja henne får ein raskt eit intrykk av at ho er både gamal og litt gløymt.
Brua vart byggd i 1898, på den einaste stabbesteinen som står att, står det årstalet 1899, det var vel då ho var teken i bruk.
Ho var i bruk lenge, heilt fram til 1974. Eg sykla over brua det fyrste året eg gjekk på skule på Hognestad.

No står brua til nedfall, store og små tre sprengjer sund murane, og asfalten er iferd med å måtte gje tapt for naturen.
Skulle ynskja nokon ville halda slike kulturminne istand, slike fine bruer byggje ein ikkje lenger. Men dagens bruer er nok meir imponerande - om ein målar i storleik og prislapp.
Men brubyggjing kosta på den tida og. Den totale kostnaden i 1899 var kr 4719,89
Då hadde 3 formenn ( 4 kroner pr. dag) og 5 mann (3,25 kroner pr. dag) arbeida med brua.
Amtsingeniøren uttala at dei var svært flinke murarar.
Idyll -
Men her kunne nok trengjast at nokon tok tak og fiksa opp litt.


Langs elva kan ein og finna restar etter kvernhus og vadmelstamper.
Bilete til høgre er frå murane til vadmelstampa.
Bilete frå brua og over mot Fosse.
Gøymt inne mellom trea hadde me vår picknik - fredeleg og triveleg.
Det er gildt å ta turar tilbake til stader ein minnast frå barndommen, det anbefalast varmt. Eg er sikker på at du har ein stad du ofte tenkjer du skulle sett att. Pakk korga og ta ein tur.
Ungane likar å høyra oss fortelja det me hugsar frå slike plassar.

Her er naturen iferd med å ta tilbake vegen, men under graset ligg asfalten eg sykla på då eg var 6 år og skulle på skulen.

Det er ikkje mykje eg hugsar frå dei fyrste sykkelturane til skulen. Men ein morgon såg me så fine rosa blomar i vegkanten. Og me hadde ei slik gild frøken. Ho fortente å få ein bukett slike fine blomar.
Å laga ein stor fin bukett tok tid, og me kom ein halvtime forseint på skulen. Ei anna i klassen kalla blomane lusablom - men då hugsar eg frøken retta på dei og sa "Nei, dette er raud jonsokblom" Me lika det namnet best.

3 kommentarer:

  1. Koselig tur langs gamle veier.
    Koselig å mimre litt.
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Det har vel vore litt folk som grenser til denne brua som ikkje har vore særlig intr i ferdsel her. Før låg det iallefall en svær stokk over for å sperre vegen over brua!

    SvarSlett
  3. Brua er staten sin eigedom, så då er ho vel litt både di og mi :-)

    SvarSlett